søndag 19. april 2015

Lavendelsirup

Eg var alt for sliten i går til å gjere noko med lavendelen min anna enn å sniffe på den, men i dag! har eg vert flink, rydda heile kjøkkenet, for så å klisse det til med sirup overalt, good job me.




 Eg brukte denne oppskrifta, vel, meir eller mindre. Ca. 1,2 dl sukker, 2,4 dl vatn, ei spiseskei tørka lavendel, og eg kokte det i fem minutt i staden for to, for tbh syntes eg det høyrtest veldig lite ut, og eg vil ha litt meir trøkk i smaken. Dessutan hadde eg sett på andre oppskrifter som sa eg skulle koke det i ti minutt, så, eksperimentering er på sin plass.


 Så sila eg alt over i ei glasflaske som det var ein annan type sirup oppi ein gong, et voilà!



 Eg hadde håpa at fargen kom til å følge med litt også, men akk. Så eg putta opp i litt konditorfarge i tillegg.



Og sidan eg først var så godt i gang med lavendelen, blanda eg lavendel med salt i ein av dei nye boksane mine også. Aner ikkje kva eg skal bruke det til, men eg finn sikkert på noko lurt.





















Denne sirupen vart veldig flytande, så om eg lager det igjen trur eg eg kjem til å halvere mengden vatn. Men om ein vil ha tyntflytande sirup så funker det fint.

Eg burde finne ein signatur elns sikkert, er det ikkje sånn man har på blogger? Det føles veldig rart å berre slutte av utan noko som helst. Kanskje eg berre skal putte ein katt

=^● ⋏ ●^=

2 kommentarer:

  1. Oi wow, du lager så mye kult! Den sirupen ser ut som noe en fe ville drukket.

    SvarSlett
    Svar
    1. Heck yea! + etterpå lagde eg varm melk med honning og lavendel og er ikkje det fairy food så veit ikkje eg.

      Slett