søndag 16. august 2015

Grå ulljakke, del 1

Først: eg liker ikkje jakkeord på norsk? Eg føler at dette er verken ei jakke eller kåpe eller frakk, men ein rar mellomting. NUVEL.

Eigentlig mesteparten av arbeidet - ok sannsynligvis alt av arbeidet - på denne gjorde eg i fjor haust, og hadde planlagt å ha den ferdig til vinteren, men sidan eg aldri fann stoffet eg ville ha til - eg veit ikkje kva eg skal kalle det? Draperinga? Du ser kva eg meiner på bildet - så vart heile prosjektet lagt litt på hylla.



Eg gav opp å ha den rare flappen med knappene og det, det fungerte liksom ikkje heilt, men bortsett fra det har eg heldt meg ganske greit til teikninga. Altså, bortsett fra at eg ikkje finn ein fin bomullsvoile (eller liknande) i omlag rett farge, som ein ikkje skulle tru var så veldig vanskelig? Men joda.

Uansett, eg vil bli ferdig med denne jakka/kåpa/whatever til denne vinteren, så eg ville lage eit blogginnlegg om den for å kanskje engasjere meg sjølv nok til å komme i gang igjen, pluss at eg vil vise fram kva eg har gjort så langt.

Gled deg over synet av meg med sovehår og pysjbukse og generelt sett "rulla rett ut av senga for å gå og sy"-looken.



Beltet er berre midlertidig for å helde sammen jakka, den
skal få sitt eige belte, pluss ein flapp med knapper på innsida

Eg har sydd ferdig hetta, og sånn halvveges ermene (som var dritt å få til, og eg er ikkje fornøgd ennå, så vi får sjå kva eg gjer med det), så her er nokre bilete av nesten så langt eg har komt nå, til og med ute i dagslys så fargene faktisk syns!






Fôret er polar fleece fra stoff og stil, og hovudstoffet (ytterstoffet?) er 100% godt tjukt ullklede fra skaar tekstil, så, altså, kanskje eg blir varm nok? Krysser fingrene. 

Lommene er ikkje berre til pynt, heller, dei er dype og fine, og eg har også sydd inn ei brystinnerlomme som eg savna sårt i den vinterjakka eg bruker nå (som eigentlig ikkje er varm nok heller, og knappene held seg ikkje på plass, og uh ja det var på tide å få seg ein ny ein). 

Her er ein katt:


mandag 10. august 2015

1830ish fairy prince, del 3 / viktoriansk piknik


Eg har fortsatt ein god del planer for ting eg skal lage innanfor dette temaet, mellom anna den vesten eg originalt planla men som eg ikkje har bestilt stoff til ennå fordi frakt er dyrt og eg må bestille det fra USA, og ei meir tidsriktig bukse som eg rett og slett ikkje hadde tid og stoff til for denne gang. Men eg har vertfall nok til å sette sammen eit heilt antrekk, som eg syns ikkje er så verst.

Kvelden før pikniken satt eg oppe til sånn tre-fire på natta for å sy ferdig antrekket mitt (og eg måtte fortsatt sy på knappene til vesten på morran før eg skulle reise), men resultatet vart ikkje så verst, syns eg. Sjekk dei kule bukseselene mine!

Oooh undertøysbilde, cue victorian swooning osv.

Eg burde ha tatt eit bilde av korleis dei ser ut bak også, men akk.
Buksa er ei som vi fann på hytta, som eg trur har vert mormor sin, så i mangel på noko å sy ei faktisk tidsriktig bukse av sydde eg den berre inn, og heldigvis hadde den så høgt liv at den fungerte perfekt når eg berre fekk løfta den litt, og eg slapp å sy den om i skrittet, takk og lov.

Her er eit bilde av korleis fargen på buksa faktisk ser ut, sidan den ser heilt svart ut i bilda over, pluss eit par nesten-ferdig-nå!! bilder:





Eg gløymte å ta nærbilde av vesten etter at eg hadde sydd på knappene (som forøvrig var kjempeskummelt men gjekk overraskande bra!), så her er eit par fine bilder av ein passe krøllete vest etter ein dags bruk:



Hatten min er eit arvestykke fra bestefar, som igjen arva den fra sin rike onkel, som muligens også arva den fra nokon, fordi vi fann ut i går at den er fra før 1901, som vil seie at den er Faktisk Viktoriansk, som er ganske kult!




Og så! Pikniken! Som foregikk i botanisk hage i går, og var kjempehyggelig. Her er ei link til facebookgruppa. Det er første gang eg har vert med, men dei har arrangert ting før og kjem nok til å gjere det igjen, så følg med der!

Det var masse fine folk i fine kostymer, og vêret var så godt som perfekt. Eg smelta berre bort i alle laga + dei mørke halvveges ull-buksene mine bittelitt da sola ditta fram frå skyene av og til, men ellers var det fantastisk.

Mat! Eg sydde forøvrig duken spesifikt for dette også, men det er liksom litt mindre spanande.

Det er noko med å sitte så vesten og buksa bulker seg som gjer at eg føler meg veldig autentisk
Meg og Eden er SUPER FASHION VERY DAPPER
Endelig eit bilde av heile antrekket mitt woaah (eg ser veldig ekstra liten ut men, ja ja)
Bildet er tatt av Kristine
Og tilslutt, bonus sliten men glad; for varmt til å ha på seg alt men har ikkje lyst til å bytte til andre kle heilt ennå:



<3