søndag 12. juli 2015

1830ish fairy prince, del 2

Eg skulle eigentlig vente med å poste meir til eg var 100% ferdig, men symaskina har bestemt seg for å slå seg vrang, og eg orker ikkje sy knappehull for hånd, så det får vente, og i mellomtida er jo alt det viktigaste ferdig og eg kan vise bilder av det!

Først, som lovet, den ferdige skjorta:



Og ein heil haug arbeidsbilder (inkludert syngende triste franskmenn):



Kjære vliselin, du er. veldig. fin?

Maljer er the bane of my existence; dei fire første gjekk heilt fint, dei to siste berre lol nei, men det ser ok ut så lenge man ikkje stapper trynet heilt inntil, så ok da.

[les mis vits]


Tilpassing, og utruleg mønstermatching som for det meste berre var veldig flaks.

Og sånn.. mange timer seinare (og det skal nevnes at det har vert både blod, svette og tårer inkludert i dette arbeidet, og eg meiner det bokstavelig):




Bringing sexy back back

Blomstrete på utsida, raud på innsida, akkurat som meg.

Eg må innrømme at eg er ganske forelska i bakstykket, i all sin enkelhet, men det er noko med snøringa som berre. mmmm.

Silkeskjerfet fungerte ikkje til å lage sløyfe med, dvs eg ville/turde ikkje å gjere så mykje meir med det, så eg fann eit restestoff av mørkegrøn bomull og sydde meg kjapt eit nytt eitt så eg har noko å variere med. Og eg har lært meg tre ulike måter å knytte dei på, så, det er ikkje så verst, syns eg.

Ok denne kunne nok vert knytta betre men eg orka ikkje å fikle meir med den shhh.
Sjølvsagt brukte eg dette som unnskyldning for å ta fleire bilder av alt saman

Skulle hatt ei nål til til å helde vesten saman, men når den får knapper på seg blir det nok perf.

Så nå må eg berre sy meg ei bukse, fordi ingenting eg har går an å bruke til dette, så.. det blir nok eit mareritt, men hey, eg har lært sykt mykje berre på desse få dagane eg har arbeida med skjorta og vesten, så eg har trua!

torsdag 9. juli 2015

1830ish fairy prince, del 1


Etter eg (endelig) såg Les Misérables for sånn ein måned sidan, har eg vert fullstendig oppslukt i kleda (herrekleda, spesifikt, sjølv om kjolene er veldig fine dei også) og har blitt så gira på å sy som eg ikkje har vert på ei stund. Altså, eg har stadig vekk syprosjekt på gang, og blir til og med ferdig med ting, men til dette har eg sett på bilder og lest og leita etter stoff og dagdrømt om alt fra enkle linskjorter til superfancy vester og jakker. Så eg tenkte det var på tide at eg laga eit faktisk blogginnlegg, i staden for å berre plage alle eg kjenner med det overalt konstant.

Drømmeantrekket mitt (for øyeblikket) er det eg har skissa der oppe, og stoffet på vesten er dette, fra fabric.com:


som eg falt absolutt pladask for, men det må bestilles og sånt så fram til det så fann eg eit anna, også veldig fint stoff på panduro, fordi eg har absolutt null sjølvkontroll. For ikkje å snakke om fine matchende knapper. 


Skjorta begynte eg å sy allereie for ei stund sidan, og mest berre inspirert av skjortene på den tida, så den er ikkje heilt tidsriktig verken i stoff eller form, men den er vertfall i samme retninga. Eg planlegger også å sy ei til skjorte som er faktisk tidsriktig, men det får også vente! Enn så lenge, her er nokon bilder av den frå konstruksjon og så langt eg har komt for øyeblikket. Mangler berre å sy på ermene, sy igjen sidene og dei nederste kantene, pluss knapper og knappehull. 






La på knappene berre for å vise korleis dei såg ut, til tross for at dei ikkje akkurat er kjempespennende.

Det ser ut som eg ikkje har tatt nokon bilete etter at eg sydde på kragen? Eg får gjere det når den er heilt ferdig, men den er også med på bileta saman med stoffet til vesten, og det fantastiske silkestoffet eg kjøpte til halstørklet før i dag:




Eg skal forøvrig ikkje påstå at alt dette er 100% tidsriktig heller, men eg går litt for at det skal vere vertfall relativt nære, men at det er viktigare at eg får eit produkt eg sjølv liker og har lyst til å gå med?

Den ubleika bomullen er til bakstykket på vesten, men eg følte det var greit å ha det med på bildet for å vise fram likevel, og for å få med maljene og båndet til snøringa bak.

Ok det var alt så lenge. Eg har store planer om å bruke dei neste par dagene på å sy og sy og sikkert sette på les mis i bakgrunnen medan eg syr, så enn så lenge, um, sjå for dykk kor dashing eg kjem til å sjå ut i dette antrekket? ok.