lørdag 18. april 2015

Brukthandel og andre handler

(Vel, ok, teknisk sett var det eit bruktmarked - Vestkanttorvet for å vere spesifikk - men eg fann ikkje på ein tittel med det i, så, ja)

Eg var nede i byen i dag og det var sol og fint og eg åt frozen yoghurt, og det føltes endelig som skikkelig ordentlig vår. Og så handla eg ein heil haug med ting som eg vil vise fram fordi dei er veldig fine? Og eg liker å vise fram ting eg har kjøpt (og også å sjå på ting andre har kjøpt. Kvar gong vennene mine har kjøpt seg ting vil eg ha ti bilder av det med ein gang pls).

Det eg eigentlig var på jakt etter var a) masse glass til å oppbevare ting i, og b) lavendel. Og eg fann både det og ein.. heil haug med andre ting whoops.

Lavendel! Som kan spises! Og.. litt andre krydderting fordi eg har null sjølvkontroll


Jars jars jars jars jars jars jars.......... <3



Yeah, eg har eit problem, eg veit det. MEN SJÅ PÅ dei soppelysa holy shit. 

Ok den tesila er ikkje så veldig spanande men eg følte den burde få lov til å vere med også, sidan alle dei andre tinga eg kjøpte fekk det. Men blomsterspade!

Det absolutt finaste eg kjøpte var nok denne lille søte kjelen, har du sett noko så fint?? Det var det første eg fann på markedet som eg ville ha, og den kosta.. tjue kroner trur eg? Aaah.

Og som om ikkje det var nok, da eg kom heim hadde eg fått ein pakke i posten som eg ikkje trudde kom til å dukke opp på fleire veker! Det var parfymeoljeprøvene mine frå Fabled Fragrances på etsy.

Nå skal det seiast at eg har berre lukta på dei i flaska, og ikkje prøvd dei på huden ennå, men Ambrosia. Wow. Den lukta FANTASTISK. Lever opp til navnet sitt. 

Monsoon, derimot, som eg var veldig spent på fordi eg prøver å finne vann/hav-ete lukter og det er.. veldig vanskelig, og denne... lukta litt som myggolje? Men altså som sagt, eg har ikkje prøvd dei på huden ennå, så forhåpentligvis lukter den betre da. 

Oppdatering: Det står klart og tydelig på butikksida at den lukter citronella, så det er mi eiga skuld, men! Det er berre sånn dei første fem minutta at den lukter sterkt av det, og så går den over i litt andre lukter, og eg likar den faktisk veldig godt så langt.

Dei andre tre (Witching Hour, Haunted Woods og Eurynome) lukta godt. Ikkje så Wow Fantastisk som Ambrosia, vertfall ikkje rett ut av flaska, men definitivt spanande, og veldig forskjellig, og eg gleder meg masse til å prøve dei på. 

Eg liker veldig godt tanken på å ha parfymer til forskjellige anledningar og humør, så ja, her er ein begynnelse vertfall.

Nå skal eg berre samle meg litt, slappe av, sjå på nokon kattevideoar på internett kanskje, og så skal eg prøve å lage ting med lavendel!



PS: Om nokon veit om ein parfyme (spray eller olje eller yea, spelar ingen rolle kva type) som lukter Faktisk Hav eller.. andre neato vatn-relaterte ting, uten at den er sitrusaktig eller blomstrete, fortell meg om det, fordi det har eg hatt lyst på sidan eg var liten, og har aldri klart å finne det.

PPS: Alt som ikkje er frå markedet er kjøpt på enten Søstrene Grene eller TGR, om det er ein ting folk er interesserte i å vite.

PPPS: Ein dag skal eg gidde å ta finare, meir fancy bilder av ting, men eg var alt for sliten til det, it is not this day, etc

4 kommentarer:

  1. Jeg handler også mye på de butikkene, i tillegg til Panduro selvsagt, men det kan man virkelig blakke seg!


    Erica

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja D: Panduro er Farlig. Ikkje.. at ikkje dei andre er det, men dei er i det minste ikkje fullt så dyre.

      Slett
  2. Må innrømme at jeg kom med et lite skvik da jeg så fluesopplysene. Så søte! Og kjelen er helt fantastisk! Man finner så mye fint på bruktmarked :)

    Hvis du vil ha parfyme som lukter hav, sjekk ut FirebirdBathBody på Etsy. Jeg har kjøpt masse hos dem, blant annet en oljeparfyme som heter Viking (three guesses why, own your cliches) og den lukta frisk havluft! Ser også at de har lagt til en parfyme som heter Heavy Seas, så den kan kanskje være relevant?

    SvarSlett
    Svar
    1. Fluesopplysa er SÅ FINE, eg vil kjøpe ein million av dei tbh, men eg skal prøve å la vere (eg kjøpte dei på tgr anyways, så om du fortsatt er i oslo og vil ha dei også, så er dei der!).

      Og takk, eg skal gå og sjå på dei og putte dei på ønskelista mi med ein gong! :D

      Slett