onsdag 22. april 2015

Bøker! Lesing! Har ikkje noko betre å skrive om så eg rapper ting frå andre!

Rask eller langsom leser?
Kjem an på? Når eg først er i skikkelig lesemodus kan eg lese relativt fort, men eg har elendig fokus så å lese ei bok kan vere enten eg sett meg på sofaen og lese heile boka ut på under ein dag, eller det kan ta ein evighet fordi eg ikkje klarer å fokusere og blir distrahert heile tida.

Tynne eller tjukke bøker?
Ja takk

Bibliotek eller bokhandel?
Eg liker bibliotek veldig godt i teorien? Men eg syns alltid det er litt stress fordi eg må levere inn ting, og så må eg potensielt snakke med ukjente folk og sånt, og ok det må eg jo på ein måte i ein bokhandel også men av ein eller annan grunn føles det mindre stress? Og eg berre. Liker bokhandler betre utan at eg kan forklare kvifor. Så bokhandel? Men eg er veldig glad for at bibliotek eksisterer likevel!

Lydbok eller e-bok?
Igjen er eg veldig glad for at begge deler eksisterer, men eg klarer ikkje å fokusere når eg høyrer på lydbok, så for meg er det e-bok for alle penga. Eg liker også å ha bøker fysisk, og om det er ein eg er spesielt glad i, eller som eg liker å ha.. fysisk av ulike grunner, så skaffer eg meg det. Men e-bøker er fantastiske, og eg kan få tak i bøker eg ellers ikkje ville fått tak i, og det er praktisk og fint og tbh syns eg det er mykje lettare å lese på senga med ein liten, uh eg bruker berre smartphone fordi eg har ikkje skaffa meg ein faktisk kindle ennå, men yeah! Ein liten elektronikkdings som ikkje veier masse og man må passe på sidene og sånt, fantastisk.

Innbundet eller pocket?
Om det er ein fin bok som eg er spesielt glad i / har ein ekstra fin innbunden versjon eg bryr meg nok om til å ha så innbundet. Men ellers blir det ofte pocket, sidan eg ikkje har masse penger. Eller, you know, e-bok!

Vampyrer eller spøkelser?
Eg har ikkje lest så masse om nokon av delene tbh? Men sånn generelt sett er eg definitivt og har alltid vert meir interessert i spøkelser. Det fins bra vampyrting, eg har ikkje noko imot vampyrting, men eg er meir ein spøkelseperson, trur eg.

Nytt eller gammalt?
Hender eg leser gamle ting, men for det meste nytt, eller vertfall relativt nytt.

Bokmerke eller eseløre?
Bokmerke, men om eg ikkje har det så hender det at det dukker opp eit eseløre her og der.

Biografier eller memoarer?
Uh eg har.. aldri lest nokon av delene og har ærlig talt ikkje noko særlig forhold til dei?

Skrekk eller chicklit?
Eg liker ikkje skrekkfilmer/spill, men eg liker å tru at eg kanskje ville likt skrekkbøker? Sidan dei ikkje har jumpscares og sånt, som er det eg liker minst. Eg las... litt chicklit da eg var tenåring? Eg antar det er snakk om veldig straight girl chicklit her, så det er ikkje så veldig min greie, men, eg veit ikkje. Eg har ikkje lest noko særlig av nokon av desse sjangrane, så?

Sofaen eller senga?
Senga, som regel? Det er liksom enten det eller stolen. Men eg når eg har ein fysisk bok så leser eg gjerne på sofaen på dagtid? Eg las heile Hunger Games sittande i hjørnet av sofaen ein heil dag, med berre pauser for do og mat og sånt. :')

Inne eller ute?
Eg kan godt lese ute? Men det blir oftest til at eg leser inne. Særlig siden, lol, Norge, kaldt. Og fordi eg leser masse ting som er på skjermer som ikkje funker så bra i dagslys.

Originalspråk (engelsk) eller norsk oversettelse?
Om eg kan originalspråket (så, engelsk eller norsk. Eg KUNNE sikkert prøvd å lese ei bok på tysk, men eg trur nok eg hadde missa ganske mange ting da) leser eg den helst på det, evt begge deler om eg liker den godt og oversettelsen er god? Ellers blir det oversettelse på, som regel norsk, men om den engelske oversettelsen er betre så det? Eg veit ikkje, det har ikkje akkurat vert ein ting som har vert relevant så ofte, sidan eg ikkje har lest bøker som originalt er på andre språk enn norsk og engelsk på ganske lenge.

Poesi eller prosa?
Leser mest prosa, men eg liker poesi også?

Kvinnelige eller mannlige forfattere?
Kvinnelige, tbh. Men eg leser begge (og andre, excuse me), det er som regel ikkje noko eg tenker supermasse på, men om eg måtte velge så kvinnelige, lett. Tenk å berre lese mannlige forfattere resten av livet. [grøsser]

Boka eller filmen?
Uh. Kjem an på? Som regel boka, sidan den som regel er originalen, og dei ofte gjer.. rare valg i filmen/tv-serien, men det fins nok unntak. Det kjem an på så veldig mange ting.

Kokebok eller bakebok?
Er... det ein ting folk er sånn det eller det om? Eg tenkte ikkje på bakebok som ein ting ein gong, eg trudde det berre gjekk under kokebok? Begge deler?

Kjærlighet eller spenning?
Trur eg må seie det samme som Kristine (som eg rappa denne fra), at begge deler og ingen av delene på ein måte? Om det er klisjé heteroromanse (med mindre det er superoverdreven husmorporno, da kan det vere underholdande igjen), nei takk, og sånn bok som berre er spenning, og veldig retta mot heterofile menn, også nei takk. Men eg vil gjerne ha både romanse og spenning i bøkene mine, eg er veldig glad i begge deler.

Første voksenboka du leste og virkelig likte?
Eg hugsar ikkje. Eg veit ikkje heilt kva som teller som voksenbøker heller, for å vere ærlig. Eg vokste opp med ein del bøker fra krigstida, og nokon av dei var nok sikkert, vel, vertfall ikkje barnebøker, og eg hugsar eg hadde ein som eg likte kjempemasse da? Ellers, nei, eg aner ikkje.

Nevn en klassiker du hevder å ha lest, men aldri har kommet deg helt gjennom?
For å vere heilt ærlig hugsar eg ikkje om eg har lest Hamlet eller ikkje? Det er mulig eg har tenkt at eg har lest den og sagt det og så har eg eigentlig berre lest deler av den? Men ellers pleier eg ikkje akkurat å påstå at eg har lest ting eg ikkje har lest.

Har du noen bokserier du liker spesielt godt?
Skammarserien! Og sjølv om den har falma litt med åra, og eg er ganske kritisk til den nå, så kjem eg nok alltid til å vere veldig glad i Harry Potter.

Hvilken forfatter har du lest flest bøker av?
Det er mogleg det er nokon av dei bøkene eg las da eg var liten, men sidan eg ikkje har telling på dei i det heile, så J.K. Rowling sannsynligvis? Fordi eg er ikkje så veldig.. eg vil ikkje seie at eg ikkje er opptatt av forfattere, men eg har ingen eg sånn absolutt skal lese alt av, så da blir det dei med den lengste serien eg har lest alle bøkene i.

Mest slitsomme boka du har lest?
Aner ikkje. Kjem an på kva som meinest med slitsom? Eg hadde ei bok eg måtte stoppe halvveges i fordi alt var fælt og det var misforståelser overalt, og eg måtte berre snegle meg gjennom dei kapitla i midten av den til dei endeleg fekk ting i orden. Eg hugsar ikkje kva den heitte, eg trur det var tredjeboka i Jordens Barn-serien?

Har du oppdaga noen nye forfattere du liker i det siste?
... teller fanfiction-forfattere?

Har du noen yndlingsforfatter?
Ikkje eigentlig.

Beste barnebokforfatteren?
Mmm ja Tove Jansson. Og Lene Kaaberbøl.

Boka som har berørt deg mest?
Eg kan ærlig talt ikkje hugse nokon bøker som har vert spesielt formative for meg og eg syns det er veldig trist? Eg har definitivt hatt bøker som eg har vert veldig opptatt av, og det næraste eg kjem er kanskje tredjeboka i Skammarserien, Slangens Gåve? Den har nokon scener som eg har vert veldig sånn OOOOH over og som på ein måte har satt seg i meg? Men ikkje... berørt meg på den måten som sikkert meinast her, så eg veit ikkje.

Hvilken bok gleder du deg til å lese? 
Eg er så ute av sånne ting, for å vere heilt ærlig. Når eg leser bøker er det meir sånn oooh nå fann eg ut at det fins ei bok så den vil eg lese nå! Dvs, Dragon Age: Last Flight, som kom ut i fjor haust, hadde eg gleda meg til ei stund, så det er jo ikkje som om det aldri skjer lenger, men eg har ingen akkurat nå som eg kjem på at eg gleder meg til.

1 kommentar:

  1. Gøy at du ville svare på den. Jeg blir nostaligisk av å lese mange av svara, haha <3

    SvarSlett