søndag 8. november 2015

1830ish tailcoat, del 1




Denne delen av syprosjektet mitt er så stor at den får sin heilt eigne tittel, og ohh boy eg er så gira! Eg var redd for at eg ikkje kom til å få til noko som helst og at eg berre kom til å hate det, men etter ein heilt dag med å sitte å researche og skisse og måle og rekne så klarte eg å lage eit mønster. Sidan eg må ha denne jakka ferdig til viktoriansk skøyteaften i slutten av november hadde eg ikkje tid til å vente på å få mønster fra USA i posten (og eg fann ikkje noko som var i nærleiken rett her i byen vertfall), så måtte eg gjere jobben sjølv, og det har gått overraskande bra. Så langt vertfall.

Sjølv om det skal seiast at etter den dagen var eg veldig veldig sliten og eg satt berre og tenkte på stoff og mønster og deler og klarte ikkje å slutte sjølv om eg etter kvart var temmelig lei. Sånn her omtrent såg pulten min ut mot kvelden (og det kom fleire ark seinare):

Ikkje avbilda: alle dei millionene faner eg hadde oppe med referansebilder og tutorials på pcen

Dagen etter (så, på torsdag), tegna eg ut alt på mønsterpapir, prøvde og tilpassa og fiksa og klipte ut i bomullslerret, og det vart så bra? Eg er så positivt overraska over kor bra det vart så fort? Eg må berre fikse litt på kragen (og bestemme kor vid eg vil ha den), og på halen (eg bryr meg ikkje om at det ikkje heiter det på norsk, det er søtt og eg seier det), ooog utvide ermene bittelitt, og så trur eg det blir bra. Sååå, prøvebilder ahoy:

[skeiv vits]




Du ser det ikkje her fordi det er på vranga, men sømmene på ryggen og
på halen matcher opp perfekt, og det er så mmmmmmmmmm. Er det ein
ting eg har lært av å sjå på symesterskapet så er det å matche sømmer ass.



Den passer så fint, og den gir meg akkurat den formen eg skal ha, og eg er såååå fornøgd med korleis ermet sitter i, så når eg berre får fiksa dei småtinga som ikkje er heilt rett, så håper eg det blir perf.

Nå må eg berre dra meg til byen ein dag og kjøpe inn forstoff og knapper, og få ullstoffet i posten!


PS: Eg var på Spillexpo i Lillestrøm i går sjølv om eg eigentlig hadde bestemt meg for at eg ikkje hadde råd til det, men eg ombestemte meg og eg angrer så hardt ikkje, det var den chilleste messa eg har vert på på lenge, og det var berre.. veldig hyggelig og fint og masse fine folk og ting og eg syns det er litt trist at eg ikkje fekk vere der i dag også og sjå cosplaykonkurransen, men akk. Resten av pengene mine må nok gå på stoff og julegaver og videospill.

2 kommentarer:

  1. Aaaahh, gratulerer med å få til å lage et så bra mønster! Er spent på denne, ass, keep us posted!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. eg klarer ikkje å slutte å mase om dette prosjektet så eg skal definitivt keep u posted!! :D og takk!

      Slett