søndag 1. november 2015

Halloween og sånt

Hei, det er meg, m. ikkje så veldig flink til å oppdatere bloggen sin, med litt nye ting. Som vel ikkje er så veldig nye for dei fleste fordi eg putter bilder opp overalt ellers heile tida? Men, vel.


Eg har vert superhyped på halloween i sånn.. to måneder sikkert? Og la massevis av planer til tross for at eg ikkje skulle ha noko fest eller noko som helst, anna enn for meg sjølv. Ein av planene var å lage noko godt med gresskar, som eg har prøvd før og aldri likt? Både gresskarpai og gresskarjuice var.. virkelig ikkje etter min smak, men så kom eg på at ein må jo ikkje lage noko søtt? Så: gresskarcurry! Som er kjempegodt og eg har framleis ein svær bolle igjen i kjøleskapet.

Eg brukte ikkje nokon bestemt oppskrift, men det er sånn cirka ein lauk, fem fedd kvitlauk, ein god bit fersk ingefær, så mykje gresskarkjøtt som eg fekk skrapa ut av det lille gresskaret mitt, linser til eg følte det vart passe tjukt, og så ein liter vatn, ein boks kokosmelk og ein heil haug med krydder. Eg fekk ikkje noko kjempegodt bilete av den, men her er eit forsøk vertfall! Den er forøvrig heilt vegansk, som eg er ganske stolt over, ettersom eg stadig vekk er sånn "hei denne maten er nesten vegansk" og så er den.. virkelig ikkje det. Men denne gangen er den det på ekte!


Også med er ein fancy potion som eigentlig berre er 7up, saften av ein lime, konditorfarge, og heimelaga limesorbet. Eg laga også eit par andre fancy potions (meir fancy, tbh), som er her:


Og så eit par bilete av limesorbeten eg laga for nokre dagar sidan, fordi den smakte like fantastisk som den såg ut:


Så det var mat og sånt, men ikkje nok med det, så har eg heldt på med ein kjole basert på (men ikkje heilt lik) underkjolen til Elizabeth Swann som ho har på seg når ho henger på øya sammen med Jack, og eg fann det perfekte stoffet på lagersalget til Rainbow tekstil! Eg prøvde å få bilder av korleis det ser ut, men eg gløymer det kvar gong det er dagslys, så berre stol på meg, det har ein veldig fin subtil tekstur på utsida, og så er det meir mykt og glatt på sida som er inn mot huden, og eg elsker det. 

Prosessbilder:






Og ferdigbilder:




Det skal også nevnes at eg satt oppe på kvelden/natta før halloween og gjorde alle håndsømmene (ermeåpning, rundt halsen, åpninga framme, alle snørehulla framme og bak), og det tok eg veit ikkje kor mange timer, men tre episoder grand designs: indoors, ein episode vanlig grand designs, og ein halv episode futurama, så, ei stund! Og eg vil gjerne takke Kevin McCloud, for utan han veit eg ikkje om dette kostymet hadde blitt ferdig. Klokka var vertfall to på natta da eg endelig var ferdig med å handsy, så da utsatte eg sømmen nederst (som eg tok på maskin) til morraen etter. Og her er heile antrekket med sminke og krøller og alt:



Målet var å sjå spøkelsete ut, men det synes ikkje så veldig i det orange lyset. Men håret mitt vart ganske fint, da. Både den faktiske hårfrisyra (som er sånn småbasert på 1790talls hårfrisyrer), og da eg tok ut alt sammen og børsta det ut på kvelden så det vart superfluffy og fint og bølgete og mykt og det igrunn var ganske trist å måtte flette det da eg skulle legge meg.



Eg hadde dekorert leiligheten veldig fint også, men eg tok ikkje så mange bilete av det, anna enn fancy potions og gresskar, så, nu vel. Og desucon: cosplay & japan som eg var på for... to veker sidan? tok eg berre eitt bilete (og eg klarte å gløyme å ta av meg con-badgen for det, bra jobba self), og sjølve connet var igrunn ikkje så superspanande heller, men eg hadde stand og solgte eit par ting og det var masse hyggelige folk og nabostander og generelt sett veldig chill? Og i staden for post-con blues: post-con revolusjon!


2 kommentarer:

  1. Limesorbeten ser fantastisk digg ut! Åssen lagde du den? Also, masse potionsssss <3

    SvarSlett
    Svar
    1. den er så digg! den er laga ved å blande limesaft og sukkervann (og vanlig vann) til det er passe søtt/surt, trur eg brukte saften av tre eller fire lime til dette? og så hadde eg oppi konditorfarge fordi den skulle vere fancy men det går såklart heilt fint uten. putta det i ein plastikkboks i fryseren, tok ut igjen da det var fryst og køyrte det i mikseren (måtte la isen tine litt og putte det i ein pose først så eg kunne brekke/knuse den i mindre biter). og så går det an å fryse det igjen etterpå der. tadaaaaaa

      Slett