fredag 4. desember 2015

1830ish tailcoat, del 2

Evil on Ice, featuring Kristine
Eg tenkte at eg skulle sette på Hamilton-soundtracket medan eg skreiv dette blogginnlegget for å multitaske litt, men eg blir så revet med at eg ikkje får skrevet noko som helst. Anna enn akkurat dette tydeligvis. Så, da er det sagt, fullstendig irrelevant, men holy shit Hamilton! Musikaler! Aaa!

Uansett! Jakka mi. Vel alle stoffa til jakka mi først, fordi dei er fantastiske. Eg prøvde å få eit bilde av den blå ulla som er hovudstoffet som viser korleis fargen faktisk ser ut, men det er ikkje så lett. Forhåpentligvis er vertfall nokon av bileta i løpet av dette blogginnlegget til saman sånn omtrent rett.


Blomster/greiner/fugler-stoffet er til vesten, og det raude er til ein ny cravat,
men resten er jakkestoff og -knapper.



Då eg først drog på knappejakt fann eg ikkje noko som helst som likna på det eg ville ha, og var redd eg måtte bruke kjedelige og alt for shiny gullete knapper, men etter å ha vert innom omlag kvar einaste stoff/hobbybutikk i Oslo, så fann eg tre ulike sett knapper som var absolutt perfekte. Dei som ligg på veststoffet er til vesten, men dei to para rett over er til jakka; dei store til knepping framme og i ryggen, og dei små til mansjettene.

Mønster! Klipping! Det er igrunn ikkje så mykje spanande å seie om dette, her er nokre bilder:




Eg tok visst ikkje bilder av dette, men forstoffet til alt som ikkje er halen og mansjettene, er bomullsflanell, og det er så veldig mykt og godt, men eg fekk berre kjøpt det i krittkvit farge (eller grå eller raud, som passa enda mindre), så i biletet over kan du sjå sånn omlag fargen det fekk etter eit fargebad av ein kombinasjon av te og løkskal. 



Og så var det nåling, nåling og meir nåling, og det tok enda ei stund før eg fekk halen (ok eg veit det ikkje eigentlig heiter det på norsk, men det høyrest mykje finare ut og eg liker det så eg bruker det) til å henge rett, men sånn ellers begynte det vertfall å ta form.

Søndagen for.. ei og ei halv veke sidan, blir det vel, så var eg på ein Cosplay workshop på House of Nerds, som forøvrig var superfint og eg har definitivt lyst til å dra tilbake igjen på nyåret. Men poenget er at eg drog med meg overdelen dit, så eg kunne handsy i selskap, fordi det er både veldig hyggelig, og vesentlig mindre kjedelig. Biletet under viser all interfacinghandsyinga eg fekk gjort på.. eg veit ikkje kor mange timar, men det tok si tid. Det skal seiast at eg sikkert jobber saktare når eg sit og prater/synger med folk enn når eg jobber aleine, men, vel. Verdt det. Og definitivt betre enn å ikkje få gjort noko som helst fordi eg er aleine og det er overveldande og såååå såå kjedelig.



Resten sydde eg med god hjelp av min venn og redning i tunge tider, Kevin McCloud.

Eg har aldri sydd på god gammaldags interfacing på denne måten før, og ikkje i kragen i det heile tatt, og hadde berre bilete frå internett med forklaring eg berre forstod sånn halvveges å gå etter, så at eg faktisk fekk det til å fungere er utruleg nok i seg sjølv.



Dette stoffet kjøpte eg på panduro, og det føltes litt som å bite i det sure eplet (som, eg veit ikkje kvifor eg bruker det utrykket, eg elsker sure epler, det er dei einaste som er gode tbh? BUT I DIGRESS) fordi hhhhhh så dyre dei er for berre ganske så enkle bomullsstoff, men dette stoffet var absolutt Perfekt, og ingen andre eg fann kunne måle seg. Eg trudde forøvrig at mønsteret var små blomster då eg kjøpte det, men la ikkje merke til før seinare at det var små biller! Som igrunn berre gjorde at eg elska det enda meir. 

Til å begynne med var det eit aldri så lite helvete (ok heile dette prosjektet har vert eit lite helvete, fordi det er så mange ting eg aldri har gjort før, og sååå masse handsøm) å quilte foret, men med hjelp av linjal og så mykje tålmodighet som eg klarte å tvinge fram, så vart det igrunn veldig bra til slutt, og akkurat passe tjukt til å henge ok og varme bakenden, og eventuelt beskytte meg når det uungåelige skøytefallet skjer. Som, spoiler: det gjorde det. 


Meir prøving? Halen sit framleis ikkje rett, og eg måtte inn og ta opp ting, og [redacted] så frustrert eg var denne kvelden, eg skjønte ikkje korleis eg skulle fikse det, eg var redd eg måtte ta opp massevis av arbeid og gjere ting heilt på nytt, og eg trudde aldri eg kom til å bli ferdig, og det var berre generelt sett ikkje noko særlig særlig hyggelig. Eg er glad for at eg var aleine i leiligheten desse dagane fordi eg satt mest berre og banna for meg sjølv, og laga klagelyder og det kan ha vert litt gråting av og til heilt mot slutten.

Men her! har eg endelig skjønt korleis eg skulle fikse halen, eg har til og med sydd på knappane så det ser skikkelig fint og fancy ut, og eg begynte å føle at eg faktisk nærma meg slutten. Med det sagt, så hadde eg framleis fleire timar igjen enn eg trudde, og sjølv om eg dukka opp to timer for seint til skøyteaftenen fordi eg satt og sydde for å vertfall komme langt nok til at jakka var brukbar, så er den ennå ikkje heilt ferdig.


Interlude: kvelden før kvelden før (eg trur dette var den kvelden då eg var frustrert over halen og berre gav meg), prata eg med Kim om kva i all verden eg skulle ha på meg på hodet, fordi eg har leita og leita og alt eg fann var berre flosshatter som ikkje akkurat beskytta dei stakkars sensitive øyrene mine, men vi kom til slutt fram til at ein slik pelshatt (i.. ikkje ekte pels) kunne fungere. Så mellom... midnatt, ca, og halv fire på natta, klipte eg opp ei gammal fleecejakke, fann fram fuskepels og lin, og sydde meg likesågodt ein hatt.



Og her er det ferdige (vel, nesten ferdige) antrekket! Eg må ordne ermene så dei sitter meir skikkelig fast og held formen sin, og både dei og overdelen mangler for, i tillegg til at eg mangler mansjetter, og sikkert skal pirke enda litt meir for å få knappene til å sitte akkurat sånn eg vil. Men generelt sett er eg veldig fornøgd, til tross for blodet, svetten og tårene involvert. Eg har vertfall lært ein heil masse, og eit plagg eg tenkte at eg skulle maskinsy så mykje som mogleg og berre handsy eit par nødvendige ting, endte opp med å bli sikkert 80-90% handsydd, så det er jo også ein ting.




Ansiktet mitt er grimase når eg ser på dette, eg veit eg må fikse masse ting,
knappene sitter ikkje heilt rett, osvosv, men det kan i det minste ordnes.


Tilslutt her er eg og Kristine igjen, i motlys på isen i Spikersuppa, super fashun / evil on ice.

4 kommentarer:

  1. Hurra, dette er første gang jeg har kommet over noen andre norske som har nevnt Hamilton-musikalen =D I første omgang følte jeg litt for å kommentere bare fordi jeg har obsesset masse siden oktober og følt meg litt alene om det og det er veldig fint at det finnes andre fans <3 Ellers så har jeg tittet innom her noen ganger fordi jeg kjenner Kristine litt og bloggen din er på linkelista hennes, men jeg har ikke kommentert så langt. Nå som jeg dog faktisk er i gang med en kommentar så vil jeg bare si at antrekkene dine er utrolig flotte og at du er skikkelig flink. Og fine bilder fra Spikersuppa, virker som om dere hadde det veldig fint :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har blitt dratt inn i Hamilton både fordi INTERNETT såklart, men også fordi eg har fleire norske venner som er veldig !!!hamilton!!! så dei fins absolutt! Men ja tusen takk! :D

      Slett
  2. Vi er superkule :D

    Og jakka di ser helt fantastisk ut, og jeg er så glad det ordna seg med alle de vanskelige tinga!

    SvarSlett