torsdag 18. juni 2015

Syringelé



Eg er så utruleg fornøgd med denne geléen at den skal få sitt heilt eige fancy blogginnlegg. Så, del to av Ingrid lager mat av blomster, syringelé!




Eg fann ei oppskrift ein eller annan stad rundt på nettet eg prøvde først, som inkluderte at blomstrane skulle dekkast av kokande vatn og stå i åtte timar, men då endte eg berre opp med råtne blomster så eg måtte kaste dei og begynne på nytt. Denne oppskrifta er basert på ei oppskrift på rosegelé eg fann på martha steward si heimeside, pluss litt hjelp fra mamma (som eg ringte sånn fem gongar medan eg heldt på med dette, minst) og berre å prøve meg fram med kva som føltes mest logisk. Så her er oppskrifta eg endte opp med, som eg syntes vart veldig god:

4 dl syrinblomster
3 dl vatn
1 dl sukker
½ dl sitronsaft (ca 1 sitron)
20 g jam syltepulver (eller tilsvarande)

Først ta alle dei små blomstrane av klasen, vask dei, og pass på at det ikkje følger med noko grønt eller levande. Det er i følge internett også best å plukke dei på morgonen når dei nettopp har opna seg men ikkje fått tid til at.. sola brenner bort smaken? Noko sånt. Eg plukka dei midt på dagen og det gjekk heilt fint, men kanskje dei hadde vert endå betre om eg var tidligare. Kven veit. Kok opp vatnet, ta kjelen av plata og hiv syrinblomstrane oppi. Dekk til kjelen og la den stå i ein halvtime. Sil vatnet/syrinsata over i ein anna kjele (eller via ein bolle) og kast blomstrane. Tilsett sitronsafta og kok opp igjen før du har i syltepulveret. La koke i to minutt, og tilsett sukkeret. Eg lot det koke eit par minutt til etter dette (ps: hugs å røre heile tida, særlig når du tar oppi syltepulveret, så det ikkje blir klumper), og testa stadig vekk på ei skei og ein kald tallerken om den var blitt stiv nok.

Hell direkte over i eit varmt (gjerne sterilisert, vertfall om du vil oppbevare geléen ei stund) syltetøyglass. Mange oppskrifter seier at du skal lukke glasset med ein gong, men eg gjorde som mamma lærte meg, og lot det kjøle seg ned med tørkepapir over så det får luft men ikkje noko dyr eller rusk oppi seg. For ein så liten porsjon fungerer vertfall dette greit. Om du skal lage ein større porsjon som skal kunne vare lenger så får du google deg fram eller spørre nokon som veit kva dei driv med.




Du kan bruke kva for farge syrin du vil, men om du vil ha ein skikkelig rosa gelé utan å tilsette fargestoff så må du bruke dei mørkelilla. Her er eit bilde av geléen fullstendig utan redigering eller filter berre for å vise fram kor utruleg den faktisk er.




Det er sikkert godt med syringelé på det meste av, vel ting som det generelt er godt med gelé på, som vafler eller rett på brødskiva, men eg lagde meg scones og drakk chrysanthemumte til og det var a m a z i n g.

Fleire bilder sa du? Ok. Bon appétit osv