søndag 16. august 2015

Grå ulljakke, del 1

Først: eg liker ikkje jakkeord på norsk? Eg føler at dette er verken ei jakke eller kåpe eller frakk, men ein rar mellomting. NUVEL.

Eigentlig mesteparten av arbeidet - ok sannsynligvis alt av arbeidet - på denne gjorde eg i fjor haust, og hadde planlagt å ha den ferdig til vinteren, men sidan eg aldri fann stoffet eg ville ha til - eg veit ikkje kva eg skal kalle det? Draperinga? Du ser kva eg meiner på bildet - så vart heile prosjektet lagt litt på hylla.



Eg gav opp å ha den rare flappen med knappene og det, det fungerte liksom ikkje heilt, men bortsett fra det har eg heldt meg ganske greit til teikninga. Altså, bortsett fra at eg ikkje finn ein fin bomullsvoile (eller liknande) i omlag rett farge, som ein ikkje skulle tru var så veldig vanskelig? Men joda.

Uansett, eg vil bli ferdig med denne jakka/kåpa/whatever til denne vinteren, så eg ville lage eit blogginnlegg om den for å kanskje engasjere meg sjølv nok til å komme i gang igjen, pluss at eg vil vise fram kva eg har gjort så langt.

Gled deg over synet av meg med sovehår og pysjbukse og generelt sett "rulla rett ut av senga for å gå og sy"-looken.



Beltet er berre midlertidig for å helde sammen jakka, den
skal få sitt eige belte, pluss ein flapp med knapper på innsida

Eg har sydd ferdig hetta, og sånn halvveges ermene (som var dritt å få til, og eg er ikkje fornøgd ennå, så vi får sjå kva eg gjer med det), så her er nokre bilete av nesten så langt eg har komt nå, til og med ute i dagslys så fargene faktisk syns!






Fôret er polar fleece fra stoff og stil, og hovudstoffet (ytterstoffet?) er 100% godt tjukt ullklede fra skaar tekstil, så, altså, kanskje eg blir varm nok? Krysser fingrene. 

Lommene er ikkje berre til pynt, heller, dei er dype og fine, og eg har også sydd inn ei brystinnerlomme som eg savna sårt i den vinterjakka eg bruker nå (som eigentlig ikkje er varm nok heller, og knappene held seg ikkje på plass, og uh ja det var på tide å få seg ein ny ein). 

Her er ein katt:


4 kommentarer:

  1. Eeeelsker store hetter <3 Og av en eller annen grunn fikk denne jakka meg til å tenke på W.I.T.C.H.? Veit ikke, ser for meg at dette er noe Will kunne gått med.

    Katt!! : D

    SvarSlett
    Svar
    1. Eeeg elsker store hetter også aah, altså duh, men. Og det tenkte eg ikkje på men nå som du seier det kan eg definitivt sjå det for meg også!

      Slett
  2. Den ser så komfortabel ut, begynner nesten å lengte etter kulde så det går an å gjemme seg inni store jakker <3 Stikningene på hetta <3 Ermer, right? Argh. (Jeg kan en lettere måte å sy i jakkeermer på, men jeg blir nødt til å tegne og forklare because words.) Fin pus!

    SvarSlett
    Svar
    1. Sy i ermene gjekk igrunn fint, uh eg var kinda uspesifikk her ser eg nå (men for all del lær meg nye ting!), sy på den nederste biten... litt meir arbeid, fiklete som faen, prøve å ikkje få det for tjukt og bulkete, etcetcetc, men eg trur eg skal få det til? Eg har ikkje med bilde av den delen her, fordi det.. tok eg aldri tydeligvis? Berre bilder fra da den var nåla på oppi der! men yessss den er veldig comfy!

      Slett