Eigentlig mesteparten av arbeidet - ok sannsynligvis alt av arbeidet - på denne gjorde eg i fjor haust, og hadde planlagt å ha den ferdig til vinteren, men sidan eg aldri fann stoffet eg ville ha til - eg veit ikkje kva eg skal kalle det? Draperinga? Du ser kva eg meiner på bildet - så vart heile prosjektet lagt litt på hylla.
Uansett, eg vil bli ferdig med denne jakka/kåpa/whatever til denne vinteren, så eg ville lage eit blogginnlegg om den for å kanskje engasjere meg sjølv nok til å komme i gang igjen, pluss at eg vil vise fram kva eg har gjort så langt.
Gled deg over synet av meg med sovehår og pysjbukse og generelt sett "rulla rett ut av senga for å gå og sy"-looken.
![]() |
Beltet er berre midlertidig for å helde sammen jakka, den skal få sitt eige belte, pluss ein flapp med knapper på innsida |
Eg har sydd ferdig hetta, og sånn halvveges ermene (som var dritt å få til, og eg er ikkje fornøgd ennå, så vi får sjå kva eg gjer med det), så her er nokre bilete av nesten så langt eg har komt nå, til og med ute i dagslys så fargene faktisk syns!
Fôret er polar fleece fra stoff og stil, og hovudstoffet (ytterstoffet?) er 100% godt tjukt ullklede fra skaar tekstil, så, altså, kanskje eg blir varm nok? Krysser fingrene.
Lommene er ikkje berre til pynt, heller, dei er dype og fine, og eg har også sydd inn ei brystinnerlomme som eg savna sårt i den vinterjakka eg bruker nå (som eigentlig ikkje er varm nok heller, og knappene held seg ikkje på plass, og uh ja det var på tide å få seg ein ny ein).
Her er ein katt: